Me håper at du som eksisterande Fitjarposten-abonnent, og du som er nysgjerrig og som ikkje abonnerar, har sett pris på den nye versjonen av nettavisa som blei lansert i slutten av august.

For me som jobbar i Stord24 og Fitjarposten er dette verkeleg ei stor hending.

Me veit at mange av våre trufaste abonnentar har vore frustrerte over lang lastetid og tungvint og knotete innlogging. Desse tidene er heldigvis forbi.

Nytt no er også at alle Fitjarposten-abonnentar får automatisk tilgang til søsteravisa vår Stord24, og vice versa.

Frå i dag treng du Schibsted-konto for å lesa Fitjarposten. Det betyr altså at du som lesar treng å oppdatera den digitale profilen din. Det er fort gjort, og når det er gjennomført vil du ha mykje lettare tilgang til avisa enn det den førre modellen vår.

Dette er altså ein vinn-vinn-situasjon: Du får ein lettare kvardag som digital abonnent, og me får mykje betre verktøy for å utvikla det redaksjonelle produktet vårt.

Har du konto hos VG, Finn.no eller E24? Då kan du bruka den same innlogginga så snart du har oppdatert brukaren. Alternativt kan du oppretta ein ny Schibsted-konto.

Ein del av lesarane våre har også fått e-post eller tekstmelding om å oppdatera sin digitale brukar. Den kan de trygt stola på.

Oppdatering av Schibsted-konto eller oppretting av ny Schibsted-konto kan du gjera anten på mobilen, nettbrettet eller PC-en. Følg instruksjonen på https://minside.fitjarposten.no/koble-bruker

Dersom du treng hjelp til innlogging, kan du kontakta kundesenteret vårt på abonnement@stord24.no eller på telefon 40002645.