Førstkomande søndag blir det tre timar samanhengande zumba i Kultursalen.

Etter den historiske introduksjonen av zumba i mars var zumbafeberen til å ta og føla på i Fitjar. Men etter kvart har iveren dovna litt av, og no er tida inne til å slå eit nytt slag for denne trimforma som har gått som ein farsott over store delar av verda.

Kari Raunholm fortel at det blir zumbamaraton i Kultursalen, Fitjar kultur- og idrettsbygg, søndag 20. november. Dei startar kl. 16.00 og held på til 19.00. Innlagt blir det pausar med frukt. Dette er eit gratis tilbod for alle for å få litt meir blest om zumba, knallkjekk og god trening, melder Kari Raunholm.

Ein spesiell invitasjon går til dei som lenge har tenkt å prøva, men ikkje komme så langt enno. Denne dagen kan alle over 13 år vera med – invitasjonen gjeld også menn!

Påmelding innan torsdag 17. november kl. 22.00
til Trude Strand: trude.strand@haugnett.no – tlf. 97596361
eller Gro Hatlevik: grohatlevik@hotmail.com – tlf. 92287576.