28 deltakarar og fire instruktørar sveitta seg gjennom ein tre timar lang zumbamaraton i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i kveld.

– Sjølv om det var litt innføring i trinn og moves i starten, var det trening heile tida, og siste timen køyrde me på non stop utan pause, opplyser dagleg leiar i Fitjar Treningssenter, Kari Raunholm, til fitjarposten.no.

Og deltakane let vel.

Så vel at Raunholm gjerne kan tenkje seg ei gjentaking.

– I alle fall som ein happening, seier ho, og fortel til slutt at alderen på deltakarane varierte frå 15 til over 60 år.

Alle kvinner. Ingen menn var å sjå i flokken denne gongen heller.