Førstkomande sundag startar Fitjar Treningssenter opp med zumba i den nye speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Zumba er ei relativt ny og trendy treningsform som har gått som ein farsott over store delar av verda dei siste ti åra. Mange har etterspurt denne treningsforma her på Fitjar, og førstkomande sundag kjem endeleg zumbaen til Fitjar. Treningsforma har sitt utgangspunkt i latinamerikanske rytmar, og er ei av dei dansebaserte treningsformene som har utvikla seg raskast. Inspirasjonen kjem frå den tradisjonelle musikken cumbia, salsa, samba og merengue, som har blitt kombinert med hotte internasjonale dansetrinn. Folk i alle aldrar har falle for den fengjande musikken, dei lettlærte dansetrinna og dei synlege fysiske resultata.

Sundag inviterer dei nyutdanna instruktørane Gro Hatlevik og Trude Strand til pulserande latinamerikanske rytmar i speilsalen. Den ligg i andre høgda i Fitjar kultur- og idrettsbygg, med inngang ved kultursalen. For at flest mogeleg skal få prøva seg, blir det to økter søndag kveld, kl. 18.00 og kl. 19.30. Tilbodet er sjølvsagt gratis for medlemmene på Fitjar Treningssenter og for dei som denne kvelden teiknar seg som medlemmer eller kjøper klippekort. For andre kostar denne introduksjonstimen 50 kr.

Meir om zumba kan du lesa her: