– Kom og bli med på Zumba Maraton, oppfordrar Fitjar Treningssenter etter jule- og nyårshelg med mykje god mat.

Treningssenteret ønskjer å invitere alle gamle og nye Zumba-dansarar til maraton førstkomande laurdag.


– Ta me deg naboen, venninna, mor di, bror din, ja kven som helst og bli med oss på 2,5 timar med rein glede, samstundes  som sveitten renn, heiter det. Prisen er 50 kroner for medlemmer og 100 kr for ikkje-medlemmer. Påmelding kan skje til Trude Strand på mobil  975 96 361.