Fitjarposten var med då zumbaen kom til Fitjar sundag kveld.

Rundt 60 spreke damer i alle aldrar – og ein mann frå Fitjarposten – var med på den historiske introduksjonen av zumba i Fitjar i kveld. Dei nyutdanna instruktørane Gro Hatlevik og Trude Strand fekk alle dei ivrige damene med i dansen, men det var visst nok ikkje fullt trøkk. Først må dei øva inn ein del grunnleggjande rørsler, og så kjem trøkket etter kvart. Frå sidelinja kunne det sjå ut som om trøkket var bra, og at damene fekk kjørt seg. 

Skal me dømma etter ansiktsuttrykk og kommentarar etterpå, vil zumba bli ein suksess også i Fitjar. Her var berre smil og lutter glede over heile linja. Einaste skåret i gleda var at det faktisk ikkje var plass til alle. Det var så vidt ein fekk rydda nok plass, slik at alle frammøtte fekk ein smakebit av denne farsotten som har gått over store delar av verda. Dagleg leiar i Fitjar Treningssenter, Kari Raunholm, var overvelda over oppslutnaden på kveldens zumbapremiere. No lovar ho at det vil bli zumba på alle som vil. Dei må følgja med på kalenderen på fitjarposten.no.