Ti fitjardamer fann vegen til Speilsalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg då Ingrid Valencia frå Bergen bad inn til nyårszumba laurdag.

Me hadde nok tenkt oss at fleire ville nytta høvet til å dansa av seg litt ribbefeitt «Etter gode og late juledager… «, som det stod i invitasjonen. Men dei frammøtte fekk i alle høve valuta for pengane. Den energiske og sprudlande Bergens-dama fekk med seg dei 10 lokale damene i dansen. I tillegg hadde ho med seg «blodfan» Heidi frå Tromsø og medinstruktør Candy frå Brasil.

Ingrid Valencia er profesjonell zumbainstruktør, og lever av å svinga seg i dansen med spreke damer. Ho er fødd i Calí i Colombia, zumbaens fødeby, men har budd i Noreg sidan ho var tre år. Ho fortel at ho aldri har vore på Fitjar før, sjølv om ho reiser mykje rundt i Noreg med zumbaklassane sine. I Bergen held ho åtte zumbakurs i veka.

Heller ikkje denne gongen klarte dei hotte latinamerikanske rytmane å freista spreke menn frå Fitjar. Ikkje ein einaste mann i bygda kjende si besøkelsestid i dag. Ingrid Valencia fortel til Fitjarposten at dette ikkje var overraskande. – Det ligg ikkje i norske menns natur å vrikka på hoftene, meiner ho, dei synest det er for femi.

Dei frammøtte damene, derimot, let til å vera godt fornøgde med utbytet. Etter nesten to timar med svingande latinamerikanske rytmar kunne dei gå i dusjen i trygg visse om at dei hadde fått rista av seg mykje ribbefeitt.