I dag vart det slutt med bensinsal på YX-stasjonen i Fitjar. Men Uno-X tok opp stafettpinnen.

Førstemann som fylte bensin på den nye pumpen var Åsmund Torvund. Det var han godt nøgd med. Regionsjefen for Uno-X, Egil Holm, var elles  sjølv til stades, og på spørsmål frå fitjarposten.no om det no vart rimelegare bensin på Fitjar, meinte han absolutt det.

Av 10-12 Uno-X automatstasjonar i Hordaland er stasjonen i Fitjar den einaste i Sunnhordland.

– Den største ligg på Os, opplyste Holm.