Søndag 1. september kjem Ytre Suløens Jass-ensemble til Fitjar kyrkje. Det er no 40 år sidan bandet vart til, og dette vert markert med turnear og speling på ulike scener og festivalar i Noreg.

– Bandet har hatt turnear over heile landet – i USA, Afrika og Europa, TV- og radio-opptredenar, over 22 plateinnspelingar, turar med konsertar til New Orleans og Noreg og frå ulike sjangrar som jazz, pop, rock og opera.

Dei har hatt samarbeid med Jahn Teigen, Jan Werner, Øyvind «Elg» Elgenes, Wallace Davenport, Karin Krog og Aline White. Det lengste samarbeidet er sjølvsagt med songaren Tricia Boutté. Ho har vore med sidan 2002, skriv Eli Simonsen mellom anna, og fortset:

– Konsertane har humor, informasjon og et nøye utvalt repertoar som gir glede til både utøvar og lyttar. Repertoaret er stort og blir skifta ut konstant, og stilen skifter fort frå tradjazz i klubbar og konserthus til gospel i kyrkja.

To av dei opprinnelege medlemmene er framleis med i bandet, Einar Aarø, banjo/gitar og Jens Arne Molvær, klarinett/saksofon. Dei andre medlemmene er Tricia Boutté — vokal, Morten Gunnar Larsen — piano, David Gald — tuba, Kristoffer Tokle — slagverk, Sturla Hauge Nilsen — trompet og Andreas Rotevatn — trombone, sluttar Simonsen, og ønskjer velkomen til «ei stor og svingande oppleving» i Fitjar kyrkje.