Fitjar Idrettspark var mest som ei kjempestor maurtue i helga. Men så var òg deltakinga på SPAR-cup høgare enn nokonsinne.

SPARcup-en er etter kvart blitt ein årleg tradisjon i Fitjar, og det vert lagt ned eit kjempearbeid frå arrangørane si side for å få den enorme logistikken på plass. Eit utall kampar skal spelast, alle skal ha dommar, resultatar skal noterast, kampprogrammet haldast med stramt tidskjema, kiosken skal kontinuerleg ha nok mat og drikke – og heile tida skal foreldre, besteforeldre og andre tilskodarar oppdaterast med informasjon. Men så langt me kunne sjå hadde arrangørane full kontroll på alt dette. Imponerande bra gjennomført.

SPARcup-en er ei fotballturnering for dei yngste. Og med rundt 600 deltakarar pluss slekt og vener, tek me nok ikkje for hardt i når me påstår at det var over 1000 menneske til stades, i alle fall om ein legg dei to cupdagane saman.

Men i det flotte vårvêret kunne me ikkje sjå anna enn at dette vart festdagar for dei som var med , og engasjementet til dei på sidelinja mangla det heller ikkje noko på.

Me syntest òg det var svært flott at Fitjar sin svært dyktige domar, Signe Kvalsvik,  tok turen heim for å kursa dei unga domararne før kampane begynte. I alt var det 25 unge domarar som sørgde for at kampane vart losa trygt i hamn.

A-lags trenar Stein Gunnar Halleraker var òg på plass og meinte at det var mange talent å sjå hos dei unge fitjarspelarane. Så det blir nok fotball i Fitjar i framtida òg…