Fotoglimt frå vellukka dagar på grasbanen.

SPAR FITJAR – CUP gjekk av stabelen både laurdag og søndag. Aldersgruppa 1. – 4. klasse var i elden, og dei minste av desse debuterte som fotballspelarar. Dei fleste har berre vori på trening nokre månader, men dei visste korleis ting skulle gjerast. Kampane deira er vel mest å rekna som leik, og trivnaden såg ut til å vere stor. Foreldre og søsken stod på sidelinja og oppmuntra til innsats og gav ros. Mange besteforeldre var og stolte tilskodarar. Den eldste aldersgruppa spela sine kampar i går, med meir alvor i blikket. Heile seks banar var i bruk og talet på spelte kampar kom opp i 99 totalt. Spelarane kom frå Austevoll, Stord og Fitjar, og for første gong deltok eit lag frå Tysnes.

FIL fotballgruppe var ansvarlege for opplegget, noko dei mestra godt. Under heile turneringa var det høve til å kjøpe mat og drikke av ymse slag. Sola skein begge dagane, men det blir jo alltid litt kaldt når nordavinden herjar. Den kalde vinden la nok ikkje nokon dempar på issalet.                             

 Anne Helene Vestbøstad fortel om unge dommarar som   var i arbeid for første gong, etter å ha delteke på kurs i april. Dei gjorde ein flott innsats. Takka vere kjempestor dugnadsinnsats av foreldre greier Fotballgruppa å arrangere ein så stor og vellukka SPAR FITJAR – CUP.