Det aula av folk dagen igjennom då Fitjar VGS inviterte til Open skole, laurdag.

Og det var mykje å få med seg for dei som tok runden.

På Interiør og designavdelinga møtte vi mellom anna fitjarbuen Andrè Hatlevik som akkurat då me kom inn heldt på med ei ekstraoppgåve. -Denne linja var ikkje heilt min greie i starten, men det går betre no, smiler han. I same rommet sit Kristina Kongestøl frå Fitjar og Lilly Marie Stokken frå Stord. Dei held på med ei modell på innreiing av hyblar, og symtes det er både gøy og spennande.

Rundt eit bord på design og handverkavdelinga, finn me Christine Siglen Skumsnes, Jannicke Maraas og Inger Lise Kobberstad. Dei to siste er i frå Fitjar. Gjekk ut tiande i fjor, og har no funne seg vel til rette her. -Kjempekjekt å produsere noko me kan bruke, seier dei, før me tek turen inn i eit anna rom der Kaia Andersen, Monica Flåten og Tone Hatlevik sit og perlar, og trivest godt med det.

Deileg kakemann-bakelukt strøymer imot oss når me møter stordjentene Yvonne Eide, Gjertrud Lind og Trude Røstbø. Dei går alle på helse- og sosial, men denne dagen lager dei kakemenn som barna seinare skal få vere med og måle på.

På veg tilbake er vi innom eit anna design og handverkrom. Jentene som jobbar her har strøydd rikeleg med artig og fargerikt materiell utover bordet, og har det berre "dritgøy" som dei seier – og skryt gjer dei òg, både skolen og lærarane..

Høgare oppover i bygget er det sal av brød og ein super peparkakeby laga i matematikkfaget av påbyggingsklassen. Eit flott døme på praktisk, for å ikkje seie velsmakande, matematikk.

På veg ned trappa møter med på barne- og ungdomsgjengen som har hatt Astrid Lindgren-framføring. På kafeen er det fullt, endå er det rom me ikkje har vore i  – og folk tyt det inn og ut av dører og rom , alle plassar.

Ingen kan seie anna enn at open skole på Fitjar VGS fengjer så det susar.