Hos Larsen visste dei nok kva dei gjorde då dei opprusta gjestehamna si før sesongen. Sommaren har vore rekordvarm, og trafikken i den nye gjestehamna på Sjøsio har vore deretter. Me har alle kunna sjå – og gle oss over – det yrande båtlivet på Sjøsio til Larsen i sommar. Odd Sverre Larsen har sendt oss desse flotte bileta, som Mette Fitjar tok frå helikopter sist laurdag.