Fitjarbu Arne Kjelsnes hadde æra av å ynskja kulturministeren velkomen til Gålå.

Det var både ei glede og ei ære for fitjarbu Arne Kjelsnes å få ynskja kulturminister Torhild Widvey velkomen til Gålå i samband med at statsråden skulle stå for den offisielle opninga av årets Peer Gynt-stemne. Stemnet vart opna fredag 1. august og same kveld var det premiere på årets framføring av Peer Gynt ved Gålåvatnet, med Mads Ousdal i hovudrolla.