Skulekorpset førebur seg til storslagen filmkonsert i kultursalen laurdag ettermiddag, og håpar bygdefolket vil fylla salen godt opp.

Øvinga til konserten har pågått i lang tid, og då eg var innom kultursalen fredag kveld vart eg møtt av flotte tonar frå kjende filmar som Supermann, Braveheart, Harry Potter, Star Wars, Greace og mange fleire. Det var så absolutt svært publikumsvenleg musikk, som nok og fell i smak hos dei som ikkje er av dei mest ihuga korpsmusikk-tilhøyrarane. Saman med dei vanlege korpsinstrumenta vert det på denne konserten og med bassgitar og fleire songarar, kunne musikantane fortelja.

-Dette er ein stor konsert som korpset ber heilt sjølv, med alle musikarar og solistar får eigne rekkjer. Det er veldig stas, smilte ein stolt leiar i styret for korpset, Ole Christian Ottestad.

På kjøkenet stod Arnhild Jordan Raunholm, som sit i aktivitetsnemnda for skulekorpset, og førebudde pausemat til musikantane som har mange timar med øving framfor seg denne helga.  Musikantane skal få både kake, bolla og pizza. I samband med konserten vert det og mat, lovar Arnhild. Alle skal då få høve til å kjøpa seg ein god, søt matbete i kafeen i foajeen, både før konserten tek til og i pausen. 

Annonse for konserten ser du til høgre her på Fitjarposten.