Varaordførar Sigurd Andre Maraas ynskjer svar frå ordføraren og rådmannen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Varaordførar Sigurd Andre Maraas (FrP) har sendt inn ei rekke spørsmål til formannskapsmøtet neste veke. Han lurer blant anna på om det finnes ein oversikt over talet kommunale bilar som er kjøpt eller leasa.

– Har me ein klar strategi på kva grupper som bør og kan leasa bil kontra kjøpa og «bruka» opp bilen, spør Maraas.

Han lurer ogso på korleis strategien er for å elbil/hybrid/diesel/bensin.

– Det er sagt i tidlegare politiske føringar at me skal satsa på køyretøy som går på fornybar energi, men er det laga ein skikkeleg plan, eller det meir «tilfeldig» slik at når eit køyretøy skal ut kjem det automatisk elbil neste gong?

Sigurd Andre Maraas ber ordføraren og rådmannen om ei orientering om saka, og gjerne ein påfølgjande diskusjon.

– Kven har ansvar for kva lys?

Maraas etterlyser ogso ein oversikt over kven som har ansvar for kva gatelys i kommunen, sidan det er stat, fylkes og kommunale lys i ein fin miks.

– Kva avtalar gjeld for utbetring og fornying av defekte lys? Slik det oppleves i dag, er at dersom det er defekte gatelys i kommunen, så må ein venta til «nok» gatelys ryk, slik at dei kan fiksast alle samtidig. Dette tar mange måneder og er ikkje haldbart meiner eg. Eg meiner gatelys aldri skal vera lenge ute av drift. Det er jo tross alt ein grunn til at belysninga kom i utgangspunktet, skriv Maraas.

Maraas foreslår at dersom det ikkje finnes noko skikkeleg avtale burde ein utlysa vedlikehaldsjobben på anbod for å få meir att for pengane.

– Eg ynskjer det beste tilbodet til våre innbyggjarar, avsluttar Maraas.