Dei 4 babyane og mødrene deira som koste seg på babysong for to veker sidan vil gjerne ha selskap av fleire denne veka.

Neste babysongsamling er førstkomande onsdag, 16. september kl. 10.30, på loftet på Fitjar bedehus. Då skal me syngja om kor fine babyane er, dei skal få liggja under sjøen og sjå på store og små bølgjer, dei skal få gynga i båten og lytta til musikk, dei skal få sjå på såpebobler, høyra på rytmeinstrument og kanskje nokon vil prøva å spela.  Me skal syngja om kroppen og me skal læra ein kveldssong/kveldsbøn.

Alle babyar som er fødde hausten 2008 og dei som er fødde no i 2009 er hjarteleg velkomne på babysong. Dei som var med sist gong er redd ikkje alle har fått med seg dette kjekke tilbudet, så derfor kjem denne ekstra oppfordringa.

Samlingane er satt saman som eit kurs og kostar 130 kroner. Då får ein med seg ein dobbel cd med babysong-songar og eit enkelt songhefte.  Det er fint om dei som har lyst å vera med melder seg på til Helga Rimmereid på tlf 47 62 14 71 eller til Astrid Prestbø på tlf 97 62 58  33.

Songstunda er kjekk og viktig, men like viktig er den sosiale biten etterpå. Då et me niste saman og får god tid til å prata og bli kjend med andre småbarnsmødre.

Babyane har glede av songen og musikken heilt frå dei er fødd, så det er inga nedre aldersgrense på babysong!