. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Pressemelding: ME ER IKKJE ALLE I SAME BÅT, DIFOR MÅ ME VISA GODT SJØVETT.

Det vert aksjon for godt sjøvett på Fitjar laurdag 30. mai kl. 13.00 – 15.00.

I Fitjar har ein me ein fantastisk flott skjergard som gjev rike opplevingar og minne for oss som er så heldige at me får bruka den.

Denne sommaren vil Fitjar kommune retta merksemd mot godt sjøvett. Me høyrer litt for ofte om stygge ulykker der fritidsbåtar og vannscooterar er involvert. Me vil gjera det me kan for at ikkje slike ulukker skal skje hos oss. Dei siste åra har talet på fritidsfartøy med høg fart auka kraftig. Som ei fylgje av dette aukar og risikoen for ulukker i det tronge farvatnet me har i vår skjergard. Her er smale sund, nes som stikk ut både her og der, og skjer og fluer som manglar merking. Med folk som badar, kajakkpadlarar og hurtiggåande fartøy i same området må det visast høg aktsemd frå alle som er på sjøen, for at ikkje noko gale skal skje.

Førstkommande laurdag, den 30. mai kl. 13.00 – 15.00, vil Fitjar kommune og Redningsselskapet ha ein sjøvettaksjon ved kaien hos Larsen i Fitjar sentrum. Der vil redningsskøyta RS 120 Sundt, som har base på Stord, liggja til kai med dyktig mannskap som vil gje folk gode råd når det gjeld sjøvett. Politiet og Fitjar brann og redning vil og ta del i aksjonen, som har som mål å førebyggja ulukker på sjøen.

Det er meldt om full sommar til helga. Me satsar på masse folk og båtar på sjøsida i Fitjar sentrum på laurdag, og oppmodar båtfolk og dei som køyrer vannscooter til å nytta høvet til å få god informasjon om trygg ferdsel på sjøen.

P.S. Me tenkjer godt smittevern denne dagen og.