Sigurd Andre Maraas. Her saman med Ketil Solvik-Olsen. Arkivfoto: Kjetil Rydland/Fitjarposten

Fitjar FrP ynskjer seg innspel til partiprogrammet sitt.

Dei inviterer difor medlemmar, privatpersonar, verksemder og organisasjonar til å senda dei innspel til kommuneprogrammet til haustens val.

Dei har oppretta eit enkelt skjema på googledokument for innspela. Her kryssar du av for om du er medlem, privatperson eller verksemd/organisasjon, og deretter kan du koma med alle innspela du vil. Du kan vera anonym eller skriva inn kven innspelet kjem frå.

Fitjar FrP sitt innspelskjema

Alle innspel vil bli vurdert av programkomiteen. Det endelege programmet reknar dei med skal vera ferdig i løpet av våren.

Fitjar FrP takkar for alle innspel, seier leiar Sigurd Andre Maraas.