Det vart i dag klart at verdskjende Yamaha Motor Scandinavia etablerer seg på Fitjar, med sal og service på båtmotorar.

Det er fitjarfirmaet Fitjar småbåt og fritidsservice som har fått til eit samarbeid med båtmotor-giganten. Dei har det siste året jobba aktivt for å få til eit samarbeid med  ein motorprodusent, i tilknytning til båthotellet dei driv på industriområdet i Årskog. Og i dag fekk dei ja frå Yamaha Motor Scandinavia.

-I denne prosessen har det vore viktig for oss å få kontakt med ein produsent som ikkje er etablert på Stordøya frå før. Me har hatt nokre interesserte, men me har heile tida sikta mot det me meiner er den beste og leiande produsenten, seier ein av gründarane bak Fitjar Småbåt & fritidsservice, Torstein Grimen til Sunnhordland.

Med Yamaha med på laget vil me verte eit godkjent servicepunkt, og få tilgang til Yamaha sitt delelager, få felles database, og få alle oppdateringskurs. Då nye motorar i dag er svært avanserte, og feilkodar vert lese av digitalt, er Yamaha den beste samarbeidspartnaren me kan tenkja oss, fortset Grimen.

Likte både området og konseptet
Han fortel vidare at folk ifrå det verdskjende firmaet har vore og ”inspisert” området  deira i Årskog, og gjeve tilbakemeldingar på at heile konseptet verkar bra, og er noko dei har tru på. -Ikkje minst er det positivt at butikken og verkstaden vil liggja vegg i vegg med båthotellet, fekk dei høyre.

For det er både butikk og verkstad det er snakk om. Fitjar Småbåt & fritidsservice vil no få eit topp moderne verkstadsbygg, der det vil vere open butikk, med sal av motorar, delar, botnsmørjing, olje, batteri og båtrekvisita.

Arbeidsplassar
Grimen meiner vidare at dei med denne etableringa truleg vil få behov for meir arbeidskraft.
-Me har eigne mekanikarar som vert kursa i Yamaha, men me kjem til å trengja folk til andre serviceoppdrag òg, då me jobbar aktivt mot hyttemarknaden og fritidsmarknaden i Fitjar og Sunnhordland, seier han.

Ordførar Harald Rydland  er kjempefornøgd med det som har skjedd, og ser for seg fleire arbeidsplassar i kommunen gjennom denne etableringa.

-Samstundes synest eg det er ei fin fjør i hatten til det vesle fitjarfirmaet, at giganten  Yamaha finn dei så seriøse at dei vil samarbeide med dei på denne måten, legg Rydland til.