Foto: Ingrid Hovstad

– Det er veldig koseleg å høyra at det blir skrive noko positivt om vindparken, seier Erik Mortensen i Midtfjellet vindpark.

Norsk institutt for naturforskning har på bestilling frå World Wildlife Fund (WWF) rangert alle vindkraftverka i Norge etter kor stor skade dei har hatt på naturen.

Det er berre fem vindkraftverk i Norge som ikkje bryt med nokre av kriteriane, og som difor får grønt lys av miljøorganisasjonen. Eitt av desse er Midtfjellet Vindpark på Fitjar.

Kriteriane organisassjonen har brukt for å vurdera påverknaden for naturen er følgjande:

  • Minskar inngrepsfri natur
  • Øydelegg truga natur eller verneområder
  • Deler opp viktige leveområde for truga arter
  • Gir karbontap fra for eksempel skog eller myr som er større enn klimavinsten frå vindkraftverket
Dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, Erik Mortensen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Veldig koseleg

Dagleg leiar Erik Mortensen i Midtfjellet vindpark blir svært glad for å høyra konklusjonen til WWF.

– Det er veldig koseleg å høyra at det er blir skrive noko positivt om vindparken. Det må eg berre seia, seier til Stord24.

Mortensen viser til at han ofte får høyre argument om at vindparken på Fitjar er miljøskadeleg i den oppheta vindmølledebatten.

– For dei som ønskjer å ha det synet så høyrer me ikkje noko anna.

Til glede for mange

Han har ikkje lese rapporten til WWF, men er samd i konklusjonen om at vindparken på Fitjar ikkje er særleg til skade for naturen.

– Dette er i samsvar med våre opplevingar i vindparken. Så enkelt og greitt er det. Me føler at vindparken er til glede for veldig mange, seier Mortensen.

I rangeringa av vindkraftanlegga er det heile 17 anlegg som bryt med tre eller fire av kriteriane til WWF. Det verste skussmålet får Gilja vindkraftverk i Gjesdal i Rogaland, og Sørfjord vindkraftverk på Hamarøy.

WWF meiner rapporten syner at det store fleirtale av vindkraftverk er bygd på stadar der dei kjem i konflikt med viktige naturverdiar.