Utsegnet ovanfor kom ifrå canadiske Barbara Williams då ho fekk sjå huset der oldefaren, Salamon Vik, vaks opp. Og då ho tok steget innanfor, kom tårene. Så sterkt opplevde ho møtet med sine røter på Fitjar.

Huset er "gamlahuset" på same tunet som Peraløo i Vik. Og oldefar til Barbara kom ifrå denne gamle stova. Salamon Vik var gift med Antonette Devold Haugland, som var syster til Sara Rydland.

Oldefar på andre sida heitte Johannes Haugland. Han var lærar og kyrkjesongar i Fitjar. Det var òg han som bygde opp Klokkargarden.

-Så utvandra dei til Amerika, og sidan til Canada. Men Vik-namnet har dei framleis halde på. Til og med minstemann har namnet Vik. Før dei bestemte seg for å reise til Amerika, hadde Antonette og Salamon planar om å byggje hus på garden i Vik. Antonette laga såleis til hage, før dei byrja på huset. Restane av hagen kan ein enno sjå. Mellom anna epletre og påskeliljer, fortel Per Drønen, og legg til:

-Slekta på Haugland-sida har vore flinke til å ta vare på både brev, ymse papir og bilete i samband med reisa, og den første tida i Amerika. Dette er no svært verdfull historie.

Då Barbara kom til den gamle stova der oldefaren vart fødd og oppvaksen, ville ho gå åleine inn med sine tankar og kjensler. Og korleis det gjekk, har me allereie fortalt.