I regn og rusk vann gutelaget til Fitjar vann heile 6-1 over Trott på grasbanen torsdag kveld.

Gutane spelte ein gjennomført god kamp mot Trott sine nest beste, og vann ein fullt fortent siger. Dei sette tidleg standarden, og leia 2-0 allereie etter sju minutt, etter fine scoringar av Andreas Vik og Hafsteinn Runarsson.

Trott reduserte til 1-2 då angriparen deira gjekk gjennom heile forsvaret til Fitjar, og lurte begge stopparane på baken før han sette ballen i mål. Men Trott kom aldri skikkeleg inn i denne kampen, og heimelaget tok snart kontroll igjen.

I løpet av dei siste minuttane av første omgang fekk me sjå tre fine mål av Fitjar. Rolf Solli sette inn ein retur etter at eit flott skot av Markus Tislevoll slo ned på målstreken, og ballen hamna ute i feltet. Dei to siste måla før pause kom ved Alejandro Rojo.

I andre omgang heldt Fitjar-gutane fram der dei slapp før kvilda, og hadde god kontroll på motstandarane sine. Men mål blei det ikkje før det var berre fem minutt igjen av kampen. Då scora Hafsteinn Runarsson det andre målet sitt for dagen, etter pasning frå Torstein R. Kjelling.

Gutane til Fitjar viste mykje fint spel i kveldens kamp. Dei treningsvillige gutane skal ha ros for at dei heile tida prøver gjera det rette, og setja ut i praksis det dei trenar på. Då er det og ekstra kjekt å sjå at dei lukkast så pass bra. Noko trenar Kjell Træet ikkje er heilt ueinig i.

Måla kom slik: 1-0 Andreas Vik (2. min – ass. Hafsteinn Runarsson), 2-0 Hafsteinn Runarsson (7. min. ass, Arild Fitjar Waage), 2-1 (17. min.), 3-1 Rolf Solli (32. min. ass. Markus H. Tislevoll), 4-1 Alejandro Rojo (33. min. ass. Hafsteinn Runarsson), 5-1 Alejandro Rojo (35. min. ass. Andreas Vik), 6-1 Hafsteinn Runarsson (75. min. ass. Torstein R. Kjelling).

Laget til Fitjar: Ruben Træet, Magnus A. Helland, Sigve Hjelmen, Svein Arne Raunholm, Magnus Raunholm, Arild Fitjar Waage, Rof Solli, Markus H. Tislevoll, Andreas Vik, Hafsteinn Runarsson, Alejandro Rojo, Jakob Mehammer, Jonas Aleksandersen, Torstein Raunholm Kjelling, Sander T. Thomassen, Kristian Prestbø, Børge Koløen.

 
Hafsteinn Runarsson med to mål og to målgivande pasningar mot Trott. Foto: Kjetil Rydland.


Den gamle Fitjar-venen Leif D. Steensohn lar seg ikkje slå ut verken av vêret eller av prestisjenederlag for Kjell Træet. Foto: Kjetil Rydland.