Det er no klart at det er Wenche Tislevoll som vert den nye ordføraren i Fitjar etter at Høgre og Arbeidarpartiet har gjort ein skriftleg samarbeidsavtale om taburettane. Tislevoll vert dermed den første kvinnelege ordføraren i Fitjar.

Mens det i  avtalen går fram at Høgre skal ha ordføraren, får Arbeidarpartiet varaordføraren. Dette vart klart under pressekonferansen på Fitjar fjordhotell i kveld.

Det vart òg klart at den som vert varaordførar er Agnar Aarskog.

– Det er trygt å ha Aarskog, med sin rike politiske erfaring, med ved roret, kommenterer Wenche Tislevoll.

Vidare vil Arbeidarpariet få leiaren for Utval for Oppvekst og omsorg, medan Høgre får nestleiaren og ein medlem her. Høgre vil få leiaren i Utval for plan og miljø. Her vil Arbeidarpartiet få nestleiar og eit medlem. Kva personar som får desse verva vert avklart seinare.

I formannskapet vil H få to (Ordførar + ein til). Arbeidarpartiet vil sitje i formannskapet med varaordføraren.

Samarbeidsgruppa understrekar at dette i første rekkje er eit valteknisk samarbeid, men at dei òg vil prøve å kome fram til ei politisk samarbeidsplattform før det konstituerande møte for det nye kommunestyret.