Stordordførar Liv Kari Eskeland, fylkesordførar Tom-Christer Nilsen og Fitjarordførar Wenche Tislevoll står saman om å finne løysing på den lokale tannhelsetenesta. Det går fram av ei  pressemelding som du kan lese nedanfor. 

Mogelegheit for å få tannhelsetenesta tilbake til Fitjar

 – Vi jobbar kontinuerleg med å finne dei beste løysingane for innbyggarane våre.
 
Dette uttalte førstekandidat på Høgre si fylkestingsliste, Tom-Christer Nilsen på tur over Bjørnefjorden på laurdag.
 
– Høgre er oppteken av lokaldemokratiet, og ønskjer å flytte makt og myndigheit nærast der tenestene vert utført. Difor ser me i Høgre no på å gjera eit pilotprosjekt med å flytte ansvaret for tannhelsetenestene i Stord og Fitjar over til kommunane.
 
Ordførarane positive
Dette vert teke godt i mot av dei to høgreordførarane Wenche Tislevoll og Liv Kari Eskeland. Dette opnar no for å kunne tenkje alternativt på ei lokalisering av tenestene nærare der innbyggjarane bur, også i Fitjar.
 
– Fitjar tapte for eit par år sidan kampen om å behalda tannhelsetenesta i kommunen, men dette opnar for ein moglegheit for å få denne tenesta attende til bygda, seier Wenche Tislevoll
 
– Desentralisering av viktige tenester for innbyggjarane der det er mogeleg, ynskjer me sterkt å bidra til, og dette initiativet ynskjer me velkomen, seier Liv Kari Eskeland
– Dette er ei sak me vil fylgja tett, og vonar det vil vera mogeleg å få til eit pilotprosjekt av denne type, avsluttar dei tre kandidatane.