Watoto er eit afrikansk kor som kjem til Fitjar med eit fyrverkeri i song og dans førstkomande søndag.

Koret som for tida turnerer i Noreg består av 22 barn og ni vaksne frå Uganda. Dette er foreldrelause barn, og nokre av dei har vore barnesoldatar. Alle har dei no fått ein heim og trygg oppvekst vidare.

På konserten som finn stad på Fitjar bedehus søndag ettermiddag, vil dei opptre med typisk afrikansk song og dans.

– Det er ikkje ofte at det er barnekor frå Afrika på besøk i Fitjar, så me vonar mange vil nytte sjansen til å høyre dei. Og me er takksam for støtte frå Fitjar Fjordhotell, Fitjarposten, Spar Fitjar og Kulturkontoret, seier talskvinne for konserten, Kjerstin Stokken, til fitjarposten.no.

Det er fri entré på konserten som vert arrangert Fitjar barnegospel, Klubben, S-klubben, Søndagskolen og Ten Treff.

Dei som ønskjer å støtte arbeidet til Watoto Child Care Ministries kan gjere det ved at det vert kollekt, og høve til å teikne seg som fadder for foreldrelause barn, etter konserten.

Meir om koret kan du lese på www.watoto.no.

Sjå dei òg på youtube.com.