No nærmar det seg med stormskritt 10-årsjubileet for innendørscupen i idrettshallen! Enno kunne me tenkt å fått med oss litt fleire lag, sjølv om påmeldinga er svært bra.

Me saknar spesielt alle som likar å spela fotball, men som ikkje er aktive, og oppfordrar spesielt desse til å danna lag. Me strekkjer påmeldinga til over helga før me spikrar puljeoppsettet.

Så hiv dåke rundt folkens. Litt fotball fredag 12 og lørdag 13 før bankett på hotellet laurdag kveld! Nytt av året er at me avsluttar med finalar laurdagen, ingen søndagskampar.

På damesida er det som vanleg imponerande oppslutnad, og dameklassen er faktisk per nu den største av klassane. Ikkje verst!

Møt opp og støtt opp om turneringa som er like gammel som Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

For detaljert info om cupen sjå her

Dette er ein unik og kompakt turnering som normalt har omlag 35 lag påmeldt. Her er fullt trøkk seint og tidlig, musikk ved scoringar, og høg temperatur både på banen og på tribunen. Så ta turen og bli med på Wärtsilä Cup 2010.

Cupen for deg som vil ha da litt kjekkare.