Wärtsilä skal levere integrerte framdriftssystem basert på bruk av flytande naturgass (LNG) til to offshore supplyskip under amerikansk flagg, opplyser pressetalsmann Iver Bunes i Wärtsilä Norway.

Skipa skal operere i Mexicogulfen, og dette blir første gong offshoreskip under amerikansk flagg vil nytte rein og effektiv LNG som primærdrivstoff, noko som vil gi både økonomiske innsparingar og miljømessige gevinstar.

Kontrakten inkluderer vidare opsjonar på leveransar av framdriftssystem for fleire skip.

For dei teknisk interesserte kan me opplyse om at systemet Wärtsilä skal levere inkluderer dual fuel-motorar, elektro og automasjon, komplett propulsjonssystem, samt utstyr for lagring og handtering av LNG. Skipa frå STX Marine Inc, som er av typen SV310DF Offshore Support Vessels, vil bli drivne av Wärtsiläs 6-sylindra 34DF dual fuel-motorar. Det vil vere lagringskapasitet på heile 290 kubikkmeter LNG, nok til meir enn ei veke med operativ drift. Fartøya vil ha 5.520 tonn dødvekt og ein marsjfart på 13 knop.

Skipa er planlagt levert om to år, og skal operere i Mexicogulfen.