Wärtsilä skal levere kraft- og posisjoneringssystem til Statoil sine to nye boreriggar.

Wärtsilä har fått kontrakt på å levere kraft- og posisjoneringssystem til to nye boreriggar som er bestilt av Songa Offshore AS, den norske delen av det Kypros-baserte offshore boreselskapet.

Riggane, som er såkalla kategori D (cat D), halvt nedsenkbare riggar, er skreddarsydde for Statoil til bruk på mellomstore djup. Riggane vert bygd ved verftet Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co. Ltd (DSME) i Sør-Korea.

– Kontrakten for kraft- og posisjoneringssystema vart underteikna i november 2011. Wärtsilä skal til kvar rigg levere totalt seks 12-sylindra Wärtsilä 32 motorar i V-konfigurasjon med hjelpeutrusting, seks Wärtsilä FS3500 styrbare thrusterar, pluss integrering av heile systemet.

I tillegg vil motorane og thrusterane bli utstyrt med Wärtsilä sitt unike system for tilstandsovervaking. Leveransane vil starte i 2012, og den første riggen er planlagt å vere operativ i løpet av 2014. Wärtsilä har opsjon på ytterlegare to riggar, heiter det i ei pressemelding frå konsernet.