Ein omfattande kontrakt med China Oilfield Services Ltd (COSL), vart resultatet av godt arbeid frå Wärtsilä Ship Design sine designarar på Fitjar.

I ei pressemlding får me vite at kontrakten gjeld design av seks offshorefartøy for det kinesiske selskapet – to plattform-forsyningsskip og fire ankerhandeteringsfartøy. Skipa skal utføre støtteoperasjonar i Sørkinahavet og Bohai Bay. Kontrakten blei signert no i desember.

Hovudfunksjonene til ankerhandteringsfartøya er å setje anker for boreriggar, og å taue mobile boreriggar frå ein stad til ein annan. Ettersom sjø- og vêrforholda i områda desse fartøya opererer i ofte er svært utfordrande, treng dei ein design som er påliteleg og har høg yting, står det i meldinga.

– Me har hatt gleda av å samarbeida med både COSL og morselskapet China National Offshore Oil Corporation i mange år. Dei kjenner godt til Wärtsilä si breie løysingsportefølje som omfattar skipsdesign, framdriftsmaskineri, automasjon og kontrollsystem, i tillegg til ei rekkje miljøløysingar, seier direktør for Wärtsilä Ship Design, Riku-Pekka Hägg.

I 2011 hadde Wärtsilä-konsernet ei omsetnad på 4,2 milliarder euro og rundt 18.000 tilsette. Konsernet har operasjonar på nær 170 stader i 70 land over heile verda. Wärtsilä er børsnotert på den Nordiske Børsen (the NASDAQ OMX) i Helsinki, Finland.