Wärtsilä Cup starta klokka 17 fredag ettermiddag, og Fitjarposten har vore i idrettshallen og sett 30-40 fotballkampar.

– Denne cupen er eit av dei store årlege høgdepunkta våre, seier leiar i Fitjar Idrettslag, fotballgruppa, Gisle Levåg, til Fitjarposten. Sjølv var han sterkt til stades på den administrative sida og som ryddegut fredag ettermiddag. Wärtsilä Cup er eit samarbeidprosjekt mellom fotballgruppa og Fitjar kultur- og idrettsbygg, ved dagleg leiar Ole Bergesen. Han har stått i bresjen for denne innecupen 12 år på rad, heilt sidan storstova vår var ny.

I løpet av dei timane me var til stades såg me heldigvis ingen alvorlege skader, men mange mål og mykje idrettsglede. Alt kommentert med humor og sakleg ekspertise av ein opplagt Ole Bergesen bak mikrofonen. Me såg gamle kjenningar som «Komlene» ta seg greitt vidare frå puljespelet i dameklassen. Men laget som ber namnet til cupen, Wärtsilä, lever svært farleg, etter to tap fredag kveld. I open klasse kan det sjå ut som om «Jokers» blir sterke også i år. Eit anna lag som imponerte i denne klassen, var «Samba Team» frå Stord, med fleire blad Steensohn og andre Fitjar-ætlingar på laget.

Men det er først i morgon alvoret startar for dei beste laga. – Enkelte hevar seg når det drar seg til mot sluttspel, medan andre fell gjennom, fortel Rune Brakedal i arrangementskomiteen. Det vil morgondagen visa, og Fitjarposten lovar å følgja finalane med argusauge.