Dette er mottoet for den årlege innandørscupen i fotball, som er i full gang i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Cupen som dei siste åra har bore namnet Wärtsilä Cup, har blitt arrangert kvart år sidan 2002. Den er eit samarbeid mellom Fitjar Idrettslag og Fitjar kultur- og idrettsbygg, og plar ha god deltaking.

I år er 33 lag med, fordelt på klassane damer, open klasse og elite. 77 kampar skal avviklast fredag kveld og laurdag, før vinnarane kan kårast. Finalane går laurdag ettermiddag kl. 16.15, 16.30 og 16.45.

Stemninga i idrettshallen er allereie på topp, under leiing av cupgeneral Ole Bergesen. Det kan vera ein god ide å ta turen innom og sjå gamle og nye stjerner utfalda seg.

Fitjarposten kjem sjølvsagt tilbake med referat over helga, når tap og nederlag er fordøydde.