Wärtsilä signerte i går intensjonsavtale for bygging av eit nytt kontorbygg på 6.000 kvadratmeter, og eit testsenter på 1000 kvadratmeter, på Heiane på Stord.

Kontorbygget er dimensjonert for 310 tilsette / faste arbeidsplassar.

– Med denne investeringa styrker me både Wärtsilä sitt globale kompetansesenter for elektro og automasjon på Stord og systemporteføljen til selskapet, seier direktør Sveinung Hansen i Wärtsilä Norway AS.

Det var altså i går, 7. mars, at  Wärtsilä Norway AS signerte ein intensjonsavtale med Heiane Vest AS om bygging av kontorbygget og testanlegget på Heiane. Dei to nybygga får eit samla areal på rundt 7.000 kvadratmeter. Testanlegget skal etter planen stå klart i slutten av 2012. Kontorbygget i løpet av 2013.

Kontorbygget skal innehalde kontorlokale for Wärtsilä sine tilsette på Stord, for det meste ingeniørar. Dette gjev plass til de rundt 240 tilsette som i dag har sitt arbeidssted på Bleikjehaugen, og legger til rette for ytterlegare vekst i ingeniørstaben. Men ingen av dei tilsette på Fitjar skal flytta på seg.

Testanlegget skal innehalda testfasilitetar for framtida sine elektro- og automasjonssystem.

– Dei nye kontorfasilitetane betyr at vi gjev ingeniørmiljøet vårt på Stord eit kraftig løft. Vi legg no til rette for endå betre arbeidsmiljø og økt samhandling – til beste for både dei tilsette og kundane, supplerer finansdirektør Øyvind Harald Eskeland i ei pressemelding frå Wärtsila Norway AS.

Les meir i dagens papirutgåve av Sunnhordland.