Wärtsilä leverer design og komplett framdriftspakke til Danmarks største pelagiske trålar.

Wärtsilä har inngått kontraktar for levering av skipsdesign og komplett framdriftssystem til ein stor trålar, «Gitte Henning», som verftet Western Baltija Shipbuilding i Litauen skal byggje for det danske rederiet Gitte Henning A/S.

Designkontrakten omfattar alle teikningar og berekningar som verftet treng for å byggje fartøyet. Pakken med framdriftsutstyr inkluderer ein Wärtsilä 9L32 hovudmotor med ny design, gir, vridbar propell (CPP), HR-dyse, Wärtsilä 8L26 hjelpemotor, samt tilhøyrande utstyr – deriblant Wärtsilä sin svært miljøvennlege NOx-katalysator til begge motorene.

I tillegg til dette skal Wärtsilä også utføre byggjetilsyn for rederiet i heile byggeperioden til fartøyet.

Fiskefartøyet er planlagt overlevert til kunden i slutten av juli 2013. I drift vil den nye «Gitte Henning» fiske i danske og EU-farvann. Skipet er utrusta for å utføre pelagisk tråling, og har dobbel trål og 13 lasterom som kan romme totalt 3200 kubikkmeter fisk. Den førre «Gitte Henning» vart òg designa av Wärtsilä Ship Design, tilbake i 2008.

– Den neste «Gitte Henning» vil vere ein modernisert og større versjon av skipet som eigaren har i dag, og fartøyet er designa etter spesielle krav frå skipseigaren. I den nye designen er både skrogdesign og tekniske løysingar om bord betra. Det heile med eit overordna mål om å heve miljøprofilen ved å redusere drivstofforbruk og skadelege utslepp.

Wärtsilä har også optimalisert skipsdesignen og framdriftsløysinga for å gje fiskefartøy maksimal slepekraft og best muleg energieffektivitet under tråloperasjonar, forklarer Ove Wilhelmsen, Managing Director, Wärtsilä Ship Design Norway.