Laurdag var mange av etterkomarane til Solveig og Laurits Westerheim samla til hagefest heime i tunet i Westerheim.

Solveig og Laurits har heile 99 etterkomarar, 12 barn, 33 barnebarn og 54 oldebarn. Om lag 70 møtte fram for å treffe slekta.

– Sjølv om veret ikkje var det beste for hageselskap, la ikkje det nokon dempar på feststemninga.

Det var underhaldning av ymse slag av dyktige ungdomar.

Dei frammøtte kosa seg med grilling og ein god prat, og borna leika på bakkane. Hovudpersonen, Solveig på snart 90 år, var med heile dagen og kosa seg saman med storfamilien sin.

– Planen er å gjera familietreffet til ei årviss hending, fortel Elise Aarbø til fitjarposten.no.