Folk fra fleire stader i Sunnhordland var samla til basar på Fitjar Bedehus laurdag ettermiddag. Både drøsen og loddsalet gikk godt. Det var Sunnhordlandsbasaren for Vyborg-hjelpa som stod for arrangementet. Vyborg-hjelpa vert driven av SI-reiser (Sunnmøre Indremisjon ) og har vore i gang i mange år. Dei driv hjelp til oppbygging/ drift av barneheim, sjukehus, rusførebyggjande hjelp og generell hjelp til fattige. Og levestandarden er svært låg i området. Vyborg ligg i Russland, like innfor grensa til Finland. Byen har tidlegare vore under både svensk og finsk styre.
Til basaren hadde mange bedrifter og privatpersonar gjeve gåvene. Dermed vert utgiftsida låg og ein kan sende om lag kr, 100 000 til hjelpearbeidet.
Fitjar musikkforening var med og song og ein fekk sjå bilete frå arbeidet i Russland.