Agnar Aarskog. Foto: Kjetil Rydland.

Tidlegare Fitjar-ordførar Agnar Aarskog er svært skuffa over fylkespartiet sitt Hordfast-vedtak.

Aarskog har vore ein trufast Ap-medlem i rundt 40 år, og var ordførar for partiet i Fitjar mellom 1999 og 2007.

Men no kan eit langt medlemsskap gå mot slutten, skriv Aarskog i ein kommentar på eit innlegg frå Vestland Arbeidarparti.

– Sunnhordland bryr dei seg ikkje om og det må få konsekvensar både frå oss enkelte og regionen for kva val me gjer for framtida.Skuffa over Vestland AP. Etter 40 års medlemskap er det under vurdering! skriv Aarskog.

Han viser til innstillinga til fylkesutvalet, der Hordfast ikkje blei prioritert av dei styrande partia, deriblant Ap.

Aarskog seier til Stord24 at det er vanskeleg å forbli medlem etter det som er kome fram frå fylkespartiet om Hordfast den siste tida.

– Eg synest det er vanskeleg. Det må eg innrømme. Eg vil jo avvente å sjå kva som skjer i fylkestinget no, men det er jo ei vurdering eg må gjere.

– Kvifor er du så skuffa over partiet?

– For det første har Ap stått for Hordfast i alle år så langt, og no har ein brukt iallfall 500 millionar i planleggingsmidlar og kome så langt at ein kunne sjå for seg ein oppstart. Så kjem dette her.

– Det eg er overraska over er at det kan sjå ut som det er stor jubel frå dei som vil ha den indre traseen, og at det er Ap-folk i Hordaland som ønskjer ein ny omkamp som no prøver å få stansa Hordfast.

– Har du fått noko svar på dette frå fylket?

– Nei, og det reknar eg ikkje med å få heller.

Den tidlegare Fitjar-ordføraren legg til at han støttar utspelet frå Gaute Epland (Ap) og Jakob Bjelland (Sp) i Stord, om ein eventuell overgang til Rogaland.

– Det må vurderast, seier han.