Tilsette på hos J. Fjeldtvedt AS vonar på fortsett drift på Sjoareset, og gode signal gjev gode glør til vona. Ordføraren følgjer òg spent med. 

Det var sist måndag at J. Fjeldtvedt AS på Sjoareset vart kjent konkurs. Advokat Kjell Petter Neset frå Responsa på Stord vart oppnemnd som bustyrar. I eit orienteringsskriv frå Neset om stoda for verksemda på Sjoareset, heiter det:

«Driften opprettholdes som normalt i en periode i regi av bostyrer, og med garanti fra SG Finans As. Alle leveranser fra mandag morgen, 2. februar 2015, er garantert i denne driftsperioden.

Det er innledet forhandlinger med nye eiere med sikte på overtagelse og drift i eksisterende lokaler. Av klaring på dette vil foreligge i løpet av meget kort tid. Den midlertidige driften, og stor sannsynlighet for at nye eiere kommer på banen, gjør at vi har tillit til at alle bestillinger blir levert som planlagt.»

Følgjer spent med
Ordførar Wenche Tislevoll seier til fitjarposten.no at om det vert slutt på verksemda på Sjoareset og 50 arbeidsplassar går tapt, er det svært alvorleg for kommunen. 

-Men eg er orientert om situasjonen og veit at det vert jobba aktivt for å finne ei løysing. Så eg følgjer spent med og vonar inderleg at det kan ordne seg med vidare drift – og at arbeidsplassane vert redda, seier ho.