Kanskje vert det lys langs vegen på Raunholm før jul? Det vonar i alle fall folk frå Stranda Vel som har laga til 18 lysmast-hòl på dugnad.

Johannes Nesse fortel til fitjarposten.no at ein vona å få gjort dette i samband med utvidinga av vegen for nokre år sidan. Men verken Vegvesenet, Fitjar kommune eller Fitjar kraftlag hadde pengar til det den gongen. Men det var opna for eit spleiselag. Stranda Vel tok initiativ til å prøve å få til det. Kvar huseigar skulle betale kr. 3000,- og kvar hytteeigar kr. 1500,-

Og folk var positive. – Nesten 100 prosent vart med, fortel Nesse. Dessutan la Fitjar kraftlag ned kabel i to strekk. Eit på Raunholm og eit på Eide. Dette var i 2005-2006.

I 2011 fekk Vegvesenet meir pengar til slikt, og det vart no sagt at om ein gjorde dugnad ved å laga hòl til fundamenta, skulle ein sleppe å betale noko i tillegg. Den utfordringa tok Stranda Vel på strak arm, og no er hòla for fundamentering av  alle dei 18 mastane klare, med god hjelp av gratis leigd gravemaskin frå Engevik & Tislevoll AS. Kvart hòl er 1,5 meter djupt.

– Mastene ligg klare på området til Fitjar kraftlag, så no vonar me berre at det kan lage seg med lys til jul, let Nesse.

Som ein kuriositet legg han til at for å få jobba så nært vegen, måtte dei ha ein skiltplan, noko som enda opp i eit seks siders dokument som kosta mellom eitt og to tusen kroner.