-Vi håpar å slå Storda-buen med gjevarglede per innbyggjar i år òg! (Dette har det gått litt "sport i" dei siste 2 åra), seier Ellinor Austad ved Frivilligsentralen til Fitjarposten.no  Ho helsar samstundes til Stord og ber dei bretta opp armane for ein liten uskuldig konkurranse !

-Elles oppmodar eg alle til å gi; alle pengane går uavkorta til "Sammen for Barn", og direkte inn til prosjekta som UNICEF driv, legg ho til.

Austad rettar òg ein takk til alle dei hyggelege og positive frivillige i Fitjar som går med bøsser på søndag! Bøsseberarane startar i årklokka 16.00, ein time seinare enn tidlegare.

-I tillegg er det flott om dette med å gå som bøssebærar , som for øvrig er ein tidsavgrensa frivillig oppgåve, kunne vere spiren til å fortsetja å arbeida frivillig ein time eller to inniblant. Vi treng fleire frivillige hender i Frivilligsentralen. God TV-aksjon i Fitjar!, legg ho til.


Inntektene av NrK TV-AKSJONEN : ”Sammen for Barn” 21. oktober 2007 som er tildelt UNICEF Norge i samarbeid med Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite og Right to Play, går til born som er råka av hiv og aids i ulike deler av verda. Aids har gjort over 15 millioner born foreldrelause!Kvar dag mister 6000 nye born foreldra sine, og 1400 born døyr av aids. Born som er råka av hiv/aids er kanskje ikkje sjølv aids-sjuke eller smitta med hiv-virus, men lever i lokalsamfunn kor aids har satt djupe spor. Dei vaksne fell frå, eller vert ute av stand til å ta seg av seg eller sine. Støtteapparatet finst ikkje og infrastrukturen vert gradvis brote ned. Millionar av born lever uten tilsyn av vaksne og må klara seg åleine ! Med TV-aksjonen ”Sammen for barn” inviterer UNICEF og idretten det norske folk til å vera med å vera viktige bidragsyterar i den globale kampen mot hiv og aids.
Aksjonen sitt mål er å styrkje lokalmiljøa sine evner til å handtera utfordringane knytt til hiv/aids-problematikken.

Nærmare info om TV-aksjonen finn du her.

I Fitjar er det Fitjar Formannskap som er aksjonskomite, men Fitjar Frivilligsentral organiserer denne. Årets TV-aksjon er eit samarbeid med idretten, og Fitjar Idrettslag stiller òg mannskap til innsamlinga.