Damene på turnering. Foto: Stord volleyball

Ynskjer fleire damer med på volleyballspeling.

Kvar mandag og onsdag plar ein gjeng med damer møttast for å spela volleyball i gymsalen på Øvrebygda skule. No håpar dei fleire damer vil vera med å spela med dei.

– I det siste har me måtte avlysa nokre treningsøkter. Det er kjedeleg fordi dette er den kjekkaste treninga eg har i løpet av veka. Det er sosialt og kjekt, samt ein får mosjon på kjøpet, fortel Mona Gjestad Johansen, ein av dei aktive damene.

Ho fortel at dette er eit uformelt trimalternativ.

– Me varmar opp, og so spelar me volleyball. Det er ikkje meir avansert enn det. Me gjer det berre som ein hobby, so her kan damer i alle aldrar vera med.

Første trening etter sommaren vert onsdag 21.august kl.18:00 til 19:00. Måndagar trenar dei 17:30 til 18:30.

– Av og til har me pleid å delta på Kværner sine hobbyvolleyballturnering, om nok medlemmar ynskjer å vera med. Det er veldig moro! Ikkje slå volleyball frå deg før du har prøvd, oppfordrar Johansen, som håpar å sjå mange nye fjes onsdag 21.august.

- Annonse -