Onar Westerheim kom heim med sølvmedalje frå skeise-VM for veteranar i Stavanger denne helga.

Som så ofte før kom det ein nederlendar i vegen for norsk gull på skeisebanen. Denne gongen var det Kees Verdouw som blei altfor kvass for Onar, og vann med nesten fire tidspoeng samanlagt. Dette er same mannen som Onar kjempa heilt jamt med i VM i fjor, men denne gongen var nederlendaren mykje sterkare. Trøysta får vera at neste år rykkjer Verdouw opp i 70-årsklassen, medan Onar blir verande i 65-årsklassen …

Dei andre nederlendarane hadde ikkje Onar problem med denne gongen. Dei gamle kjenningane Jan van der Meulen og Pieter den Dunnen var heile tre tidspoeng bak, på fjerde- og femteplass. Dei måtte òg sjå seg slegne av nordmannen Kåre Kristoffersen på tredjeplass. Jan van der Meulen slo Onar i Astana tidlegare i vinter, men denne gongen var han altså langt bak.

Onar fortel at han ikkje var i toppform under stemnet i helga, men han er godt fornøgd med andreplassen i ein klasse med heile 21 startande. Spesielt på 1500-meteren var nederlendaren suveren, men Onar tregar litt på feilskjeret som hindra han i å vinna den kortaste distanen. Der var han berre 15 hundredelar bak Verdouw, som vann alle distansane.

Også broder Harald Westerheim og Jan Henriksen frå Stord har grunn til å vera fornøgde med helga i Stavanger. Begge kvalifiserte seg til å gå den siste distansen, Harald blei nummer 9 i 65-årsklassen og Jan blei nummer 7 i klassen over 70 år.

Den som hadde trudd at sesongen med dette er over frå dei spreke veteranane våre, må tru om igjen. Om tre veker er det rekordstemne i Stavanger. Då har arrangøren lova optimale forhold, og Onar har von om å gå ned mot 8 minutt på 5000 meter, eller aller helst litt under.

Resultat frå veteran-VM i helga kan du lesa her.