Tre førarar frå Fitjar deltar i løpa i Vikedal denne helga.

Ingen av førarane deltar under bakkeløpa i dag, men søndag stiller tre skarpskodde menn frå Fitjar på startstreken. Håvard Helland stiller i den største og sterkaste klassen, rallycross, i den kraftige volvoen sin. Han har auka effekten på motoren sin denne sesongen, noko som har gjort det lettare å hevda seg i toppen. Men han satsar eigentleg mest fram mot neste sesong. Nett to har han berre eitt sett med dekk, og ikkje noko som høver på vått føre. Om det blir godvêr i morgon, vil han ha gode sjansar til å nå A-finalen.

I klassen bilcross junior stiller både Jonas K. Lønning og Gisle F. Aarbø denne gongen. Jonas har ikkje kjørt så mange løp i år, og har ikkje sjansar til å hevda seg samanlagt. Størst voner har naturlegvis Gisle, som ligg på andreplass i vestlandsmeisterskapen. Han ligg eit godt stykke bak Henrik Ramsvik frå Bergen, og ser ikkje for seg å gå heilt til topps. Men Gisle er best frå NMK Vikedal, og vonar å halda på andreplassen til neste VM-runde, på Eikås-banen i Åsane om to veker.

Opplysningar om løpa i helga kan du finna på nettstaden til NMK Vikedal