Slik har programmet vore for ordføraren frå onsdag til fredag.

Saman med alle ordførarane i Sunnhordland vart Harald Rydland invitert til opningsseremoni i høve VM i Oslo. Ordførarar og mange rådmenn frå heile landet møttest i Oslo Nye Teater. Oslo sin ordførar Fabian Stang orienterte om den nye Holmenkollbakken og opplegget for VM. Etterpå gjekk kvinner og menn (ca. 350 stykke) med ordførarkjede opp til Slottsbakken. Med Gardemusikken i spissen og ca. 1700 born med flagg frå alle deltakarlanda (56 nasjonar), gjekk prosesjonen no til Universitetsplassen der opninga av VM føregjekk. Harald Rydland seier det var ein flott seremoni.

I kveldinga var kommunerepresentantane inviterte til ein flott middag i Oslo Rådhus saman med kongen og dronninga, kronprinsparet, Stortingsrepresentantar, statsrådar og gamle skiheltar. Sjølvsagt deltok også personar frå det Internasjonale Skiforbundet.

Torsdag føremiddag var det sett av tid til møte med Samferdsledepartementet, der ein bl. a. drøfta E39 og ferjefri kyststamveg. Med Fabian Stang sine gratisbillettar kunne ordførarane no finne seg plass i Holmenkollen for å få med seg sprinten. I 12-13 minusgrader og ikkje sol var det kaldt å stå der, men svært spanande med finalane, fortel Harald Rydland. Det berømte Kollen-brølet fekk han og vere med på.

Fredag deltok ordførarar i eit møte med KS. Fitjarordføraren hadde ei avtale med Laila Dåvøy for å drøfte kommunale helsespørsmål. Fredag ettermiddag landa Harald Rydland på Sørstokken, og rakk tidsnok heim til å ta på seg arbeidskle og gå rett i floren. Opplevingane i samband med VM i Oslo er fine minne å ta med seg, avsluttar Fitjar-ordføraren, og seier heilt til slutt at ordførarkjedet, som er laga av Jørund Fjøsne, vart lagt merke til. Det fekk mange flotte kommentarar.

Og naturleg nok føregjekk samtalen med Harald då han mjølka i fellesfjøset på Rydland.