Eit reisebrev frå Bjerkreim i Rogaland.

VM i saueklypping vart for første gong arrangert i Norge, nermare bestemt i Bjerkreim kommune i Rogaland 2.- 5. oktober 2008. Eit reisefølgje på 8 frå Fitjar Sau & Geit reiste ned for å sjå nærmare på dette arrangementet. Det me fekk oppleva der vart eit møte med verdseliten i denne idrettsgreina. Du trur det ikkje før du får sjå det…

Grytidleg laurdag morgon forlet me heimbygda Fitjar med kurs for Bjerkreim der VM i saueklypping gjekk føre seg denne helga. Laurdagen var det også innlagt eit Norgesmeisterskap i saueklyppig. Litt av årsaka til at me reiste, var at Inge Morten Tronstad frå Etne skulle delta i maskinklypping  både i VM og NM. Han kjem kvar vår og haust til Fitjar for å klyppa sauene våre

Bjerkreim er ein liten kommune med berre 2500 innbyggjarar. Derimot er kommunen den nest største i landet når det gjeld antalet vinterfora sau.
Det lokale pågangsmotet har vore stort. Med ei budsjettramme på 10,5 millionar, over 1000 dugnadstimar og velvillige sponsorar greidde dei å gjennomføra arrangementet på ein flott måte. Om lag 40000 menneske var innom arrangementet.  Sjølvaste Kari Traa profilerte det heile og laurdagen klippa ho lammet ”trådlaus” til stor applaus for dei frammøtte.

Veret laurdag var flott. Messeområdet hadde utstillingar både av traktorar og reiskapar. Mange bydde fram varer av ulikt slag. Salsbodene stod tett i tett. Sjølvsagt var sauen rikt representert, både i form ulike klesplagg og bruksting. Ein okse på over 200 kg hang over ein velvaksen grill. Mat skulle det bli til alle.

Inne i klyppehallen var det full aktivitet heile dagen. Dei innleiande 3 rundane i VM i maskinklypping gjekk føre seg fredagen. Verken Inge Morte Tronstad eller Rolf Gravdal frå Norge nådde opp i dette selskapet. Under NM laurdag  vann heimefavoritten Rolf Gravdal.til stor applaus frå 3000 – 4000 menneske inne i klyppehallen . Vårt håp Inge Morten Tronstad vart nr 5.

Søndagen regna det mildt sagt voldsomt. På med regntøy og støvlar. Messeområdet flaut av vatn. Synd for arrangørane. Likevel strøymde folk til messeområdet. Det var no VM finalane skulle gjennomførast. Hallen var så tettpakka at ein mest ikkje fekk pusta. Heiarop og ringling med sauebjøller laga eit voldsomt leven under finalane.  Det var finalar både i maskinklypping, handklypping og i ullhandtering.

Paul Avery frå New Zealand vann maskinklyppinga. Han klypte 20 lam på 15 min og 6 sek. Eine lammet vart klypt i løpet av 36 sek. Dette er idrett på toppnivå.  Her er det berre å leggja seg i trening….  Zweliwile Hans frå Sør Afrika vant handklyppinga. Når du klypper eit lam med saks på 1 min og 54 sek. går det fort unna. Også Norge fekk sine medaljar.
 I ullhandtering for lag vart det sølv og i ullhandtering individuelt vart det bronse. Flott gjort!

Dette var ein tur for spesielt interesserte. Me fekk oppleva noko som  ikkje samlar dei store folkemengdene nasjonalt. For oss vart det eit høgdpunkt i kvardagen som me kjem til å hugsa.

Mvh.
John Karsten Raunholm