Fitjarbuen Mariann Vestbøstad Marthinsen utklassa konkurrentane og sikra seg VM-gull på favorittdistansen sin, 100 m rygg, under symje-VM i Rio de Janeiro i går.

Mariann var med tida 1.20.08 heile fem sekund føre sølv-vinnar Jacqueline Rose Freney frå Australia, noko som er heilt kolossalt og ikkje kan karakteriserast som noko anna enn utklassing.

Mor til Mariann, Bjørg Lise Vestbøstad, er sjølvsagt saman med resten av familien svært stolt av dottera sin prestasjon. Ho fortel elles at i dag står 50 m fri på programmet, og på fredag 100 m fri og laurdag 200 m medley.

Etter symje-VM står vinteridrett på kartet for Mariann. Då skal ho nemleg prøva å kvalifisera seg i ispigging til Vinter-Paralympics neste år. Slett ikkje umogleg at ho klarar det òg.