Mariann Vestbøstad Marthinsen fekk i dag VM-bronse på 5 km langrenn for funksjonshemma i russiske Khanty-Mansiysk.

– Å kunne skaffe Noreg den første medaljen var stort. Trygve Larsen kom inn ein liten halvtime etter meg, han fikk også en knallsterk 3. plass. To norske medaljar gir stor glede i den norske leiren i dag, seier Mariann, som vidare fortel at ho har følt meg litt seig og tung i kroppen desse dagane, mye på grunn av døgnrytmen. Men i dag løsna det altså.

Sjølve løpet var ho òg godt nøgd med.

– Me hadde individuelle startar med intervall på 30 sek. mellom kvar løpar. Eg starta 30 sek. etter favoritten Liudmila Vauchok fra Kviterussland. Oppgava mi var å jakte på ho. Prosentfordelane hennar gjorde at eg måtte klare å ta igjen den tida prosenten utgjorde, og på lange distansar utgjer det ganske mykje. Vi gjekk to rundar i 2,5 km løype.

Først mot slutten av 2. runden klarte eg å kome forbi kviterussaren og tok ut det aller siste i ein god spurt. Det heldt heldigvis til ein bronsemedalje, bak kviterussaren som nr. 1 og italienske Francesca PORCELLATO som nr. 2. Eg hadde verkeleg marginane på mi side i dag, for det var veldig tett til 4. og 5. plass, skriv Mariann.

Ein glad fitjarbu fortel til slutt at dette er hennar første medalje i eit meisterskap i langrenn, og at dette gjev ho energi og vilje til dei neste øvingane i dette VM.

På onsdag er det 10 km som nok er den svakaste øvinga til Mariann, men ho gler seg likevel. Så får me se kor langt det rekk.

Konkurransen er sterk. Dei aller fleste frå Paralympics i Vancouver er på plass her òg + fleire nykomarar.

Les meir og sjå bilete på skiforbundet.no.