Det vart bronse på sprinten i sitski til Mariann Vestbøstad Marthinsen under VM for funskjonshemma i svenske Sollefteå i dag.

– Dette er min beste distanse, og eg hadde nok vona på gull. Det gjekk ikkje, men eg låg lenge an til sølv. Så glapp det òg på oppløpssida, seier ei noko skuffa Mariann til fitjarposten.no.

Men ho får fleire sjansar. Kanskje ikkje i morgon når det er 12 km. Neste tysdag er det derimot 5 km, og det er ein god distanse for Mariann Vestbøstad Marthinsen. Så då er det berre å kryssa fingrane.