-Til helga 1. og 2. september får vi besøk av Dag Arne Saltnes (kjend for å ha starta Holy Riders) på Betania, skriv Remi Helland til fitjarposten.no

Og han legg til: -Laurdag 1. september blir ein musikkaften der det mest sannsynleg blir sterk Aage Samuelsen profil. Dag Arne er elles kjend for sin entusiasme for Chet Atkins og har også gitt ut eigen CD.

Vi ønskjer alle velkommen til ein hyggjeleg aften på Betania, laurdag klokken 1930. Det blir elles føremiddags møte søndag klokken 11:00, der Dag Arne vil forkynne for oss.