I januar 2013 startar Fitjar kulturskule opp med undervising i visuelle kunstfag.

Visuelle kunstfag handlar både om teikning, maling, keramikk, tekstil og anna visuell kunst. I kulturskulen på Fitjar vert det i denne omgang fokusert på teikne- og maleteknikkar, og det er ressursar til å starte opp ei gruppe.

Lærar i dette nye faget vert Torill Berger Falk, som i dag er lærar i drama/teater i kulturskulen. Torill har jobba mykje med visuelle kunstfag og har mellom anna illustrert barneboka «Eddy Edderkopp».

Undervisinga vert tysdagar  kl. 17.30 og er eit tilbod til elevar frå femte trinn og oppover. I tillegg til vanleg elevbetaling i kulturskulen, som er på 1270,- per semester, vert det ei lita materialutgift på 100,- i semesteret.

Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen gler seg over å kunna tilby endå eit nytt tilbod i kulturskulen på Fitjar og minner om søknadsfristen som er 15. desember 2012. Har du spørsmål kan du ta kontakt med rektoren som er på kontoret på rådhuset måndagar og fredagar. Anne Lene har telefonnummer 53 45 85 53 og e-postadresse: anle@fitjar.kommune.no.

Påmelding skjer via Fitjar kommune si heimeside her, og Anne Lene ynskjer dei som går på 5. trinn eller er eldre velkomne som søkjarar.